Søndag den 14.april landa eg i Berlin saman med mitt reisefølge. To frå tyskklassen hadde valt same reiserute som meg, og det vart ein litt lang, men om kosleg togtur til første destinasjon: Hamburg. Sidan vi reiste til Tyskland ein dag før infomøtet og innlosjering, bestemte vi oss for å tilbringe søndagen i Hamburg, ein liten turs togtur frå Kiel. Allereie frå togstasjonen i Berlin fekk vi eit inntrykk av den tyske kulturen. Tyskarane er slettes ikkje sjenerte. Ei godt vaksen dame kom bort med oss medan vi stod ved bilettautomane i Berlin, og spurte om vi tilfeldigvis skulle til Hamburg og ville vere med å spleise på "Schönes Wochenende-ticket". For dei som forstår litt tysk er dette ein helgebillett, der ein kan reise så langt ein vil med tog i løpet av helga, opp til 5 personar for den nette sum av 42 euro. Taktisk nok valte vi å slå oss saman med denne hyggelege dama, og togturen frå Berlin - Hamburg vart langt billigare enn forventa. Til samanlikning ville ein førehandsbestilling med regiontoget kosta 42 euro per pers eller meir på denne tida, så gruppebillett er absolutt lønnsamt. Men vi valte ei togrute som inkluderte lokaltog og eit bytte før vi kunne kome fram til destinasjonen, og det vart ein litt kjedleg reise ettersom det var trangt om plassen og vi med bagasjen fekk plassert oss ved eit klappsete. Men omsider kom vi fram til vakre Hamburg. Vi var litt spente på ankomsten, fordi vi på førehånd ikkje hadde bestilt overnattingsplass, men satsa på å finne eit billeg hostell. Åsmund hadde på førehand sjekka litt opp, og meinte det skulle ligge eit hostell rett ved jernbanestasjonen. Kva som låg i denne skildringa var eg ikkje sikker på, men eg håpte at det stemte. Jammen gjorde det det. Allereie då toget kjøyrte inn på stasjonen kunne eg sjå eit gigantisk bygg med påskriften "Hostell". Det visste seg å vere det same hostellet. Frå stasjonen tok det 4 minutt å kome seg til hostellet, og ledige privatrom for ein grei sum hadde dei. Hostellet var veldig moderne og rommet var ganske fint til å vere så sentralt og billig, så det er eit hostell eg kan anbefale om nokon skal reise til Hamburg ein dag. Meir sentralt får ein det nesten ikkje. Etter å ha innlosjert oss gjekk vi ut for å ete. Vi gjekk i ei gate "Lange Reie" med eit imponerande utval av internasjonale resturanter, og enda opp på ein italiensk ein. Ein fantastisk god italiensk pizza med lyst øl blei det første skikkelige måletidet for turen, som byrja godt. Etterpå gjekk vi og møtte ein anna klassekamerat og kusina hans. Hansi er halvt tysk og halvt "Hamburcher", med andre ord godt kjent med byen. Han hadde ein favorittbar der som han meinte serverte verdens beste Mojiotoer, og ein kort tur med S-bahnen var vi framme i den koslege baren. Diverre var dei tom for mynte, men i staden bestilte vi oss ein rekke med andre eksotiske drinker som var veldig gode. Til baren kom også Lovise, som hadde flydd til Hamburg og også skulle vere med oss vidare til Kiel neste dag.
Neste dag hadde vi litt tid til å vandre i Hamburg før toget gjekk til vår eigentlege destiansjon: Kiel. Morgonen overraska oss veldig positivt med strålande sol og utrulege 20 grader i skyggen. 2. dagen i Kiel vart altså ein sommardag og himmelen var blå og fin som ein kan sjå på biletet over frå Hamburg.