Så eg har tenkt lenge på at eg vil ta oppatt blogginga. For ei stund sidan (1 år sidan kanskje?) gjekk eg inn på bloggen, trykte på "nytt innlegg" og skreiv overskrifta frå by til bygd. Eg hadde ein tanke om det, at eg vil skrive litt om korleis livet mitt har endra seg, at eg har flytta tilbake til Sogn og Fjordane, frå by til bygd. Eg har mange gongar savna blogginga, ikkje fordi eg direkte savna å skrive innlegg for lesarane mine (som uansett ikkje er så mange), men fordi eg faktisk savna å skrive for meg sjølv eller berre det å skrive, noko anna enn studentoppgåver. Når eg ein sjelden gang går tilbake til bloggen min og les, kjenner eg at eg saknar det og at eg er glad for at eg har dokumentert min tidlegare kvardag med ord. Så, eg vil prøve på dette igjen. Så får me sjå korleis eg klarer å halde i gong denne gongen. Dei siste innlegga er jo mange måneder og år imellom, men eg føler no at eg har mykje inspirasjon til å skrive.
Så, frå by til bygd, kva er det som har skjedd sidan sist? Det siste innlegget mitt var frå masterlivet - ein berg og dalbane i slutten av 2015! (Herregud det er 3 år sidan). Eg var inn i den mest behagelege og samtidig skumle fasen av masteroppgåveskrivinga, der eg såvidt hadde kome i gang, eg berre hadde masteroppgåva mi att å konsentrere meg om og det endå var mange måneder att av innleveringa. Så korleis gjekk det?
Likevel om eg følte eg var godt i gang så tek masteroppgåveskriving og analysearbeid ofte meir tid enn ein tenker. Om ein skal utsetje masteren må ein søkje ei tid før, og rett før denne søkefristen må ein kjenne på dette vanskelege valet om ein faktisk kjem til å bli ferdig med alt i tide eller om det er lurt å utsetje. Eg var veldig i tvil, i april (innleveringa var vel 15.mai) følte eg at hadde kome langt på veg, eg hadde trass alt over 70 sider med tekst og minimumskravet var mellom 70-120 sider. Eg hadde likevel ein del arbeid att, mellom anna eit heilt kapittel og småting her og der. Eg tenkte det kunne gå med riktig innsats, då ville det bli veldig stressande på slutten og lange kvelder (som jo er normalen for dei som leverer til normert tid). I tillegg var det mykje språkleg vask som måtte til. Eg hadde allereie ein korrekturlesar til å lese heile oppgåva, og ein til til å lese nokre kapittel. Det var ein sikkerhet i seg sjølv, samtidig hadde eg framleis mykje tekst dei måtte korrekturlese etter endring, så spørsmålet var også om dei fekk tid nok til å korrekturlese alt innan fristen.
Så tenkte eg på om eg ville bli nøgd med resultatet, om eg orka det stresset og sist men ikkje minst hadde rettleiaren min veldig mykje å gjere sjølv og det tok ofte ein del tid før eg fekk tilbakemelding, slik at ein stor bekymring var at eg ikkje ville få tilstrekkeleg tilbakemelding før eg leverte og det syntes eg var veldig skummelt. Difor blei eg i samråd med rettleiaren min samd om å søkje utsetjing til den første fristen, som altså var 1.september. Me kunne velge mellom to fristar, ein i september og ein i november. Det ville altså ikkje vere så lenge å utsetje, og eg ville då i utgangspunktet få veldig god tid på meg, ettersom eg allereie var kome så langt og at eg i teorien kunne klart å levere til mai-fristen, men no tenkte eg heller å bruke høvet på å finpusse oppgåva og få ho skikkeleg bra. No følte eg at eg hadde så sjukt god tid til å kome i mål!
Det eg ikkje hadde rekna med, var å få ein solid motivasjonsknekk i mai. Eg kjente meg plutseleg så lei og demotivert til å fullføre masteren og særleg rundt den originale innleveringsfristen der andre eg delte masterlesesal med skulle levere inn og bli ferdig, var eg veldig demotivert. Eg følte meg så mislukka og skuffa over meg sjølv. Dei siste dagane før den ordinære innleveringsfristen holdt meg faktisk unna lesesalen og satt heime og jobba med masteren i stadenfor, fordi eg følte eg ikkje ville vere rundt dei som snart skulle levere og ville vere så lukkelege. Likevel om eg ikkje var den einaste som utsatte, faktisk gjorde 2 av mine medstudentar i tysk det (var kun ei som skreiv samtidig med oss som leverte til normert tid), så prega dette meg.
Ein anna ting var at no som eg hadde utsatt, følte eg plutseleg at eg hadde så god tid igjen, så difor slakka eg automatisk meir av og tok det meir med ro, så ting gjekk naturleg nok sakte, likevel om det gjekk litt framover. Problemet med den nye fristen var at eg for lenge sidan hadde teke beslutninga om at eg i juni skulle flytte frå Bergen og vende nasa heimover, utan nokre andre konkrete planar andre enn nokre veker med sommarjobb. Rettleiaren såg ikkje flyttinga på som eit problem, for det meste kommuniserte vi uansett på e-post, så dette var ikkje noko problem. Det som var spesielt og nytt no var at det blei beslutta å legge ned turistinformasjon, så eg måtte finne meg ny jobb den sommaren og det blei tilbake i helseteneste i kommunen, der eg såvidt hadde jobba før. Eg skulle jobbe 2 veker i heimetenestene og 3 veker i bolig for psykisk utviklingshemma, sistnevnte var eg særleg litt nervøs for då dette var veldig nytt for meg (noko som viste seg å vere ein jobb eg takla veldig bra!). Etter desse fem vekene skulle eg ha ferie og skrive mest mogleg på masteren før forhåpentlegvis ny studiestart i Sogndal. Eg hadde søkt PPU i Sogndal med faga mine og også søkt nye studier på Samordna opptak i Sogndal, mellom anna fleire årsstudier i Sogndal, blant anna reiseliv.
Flytting tok meir energi enn eg hadde tenkt, og då eg hadde flytta heim var det veldig vanskeleg å sette seg ned med masteren lenge om gangen, i staden ville eg nyte sommaren før eg skulle starte med sommarjobbinga. Eg følte eg trengte litt fri til å lade batteria. Eg såg også for meg at det kom til å bli vanskeleg å finne energi og overskudd til å jobbe med masteren i tillegg til sommarjobbinga. Det hadde eg rett i. Då eg endeleg var ferdig med sommarjobbinga og skulle ha ferie, blei eg sjølvsagt sjuk ei veke og fekk jobba lite med masteren. I mellomtida fekk eg svar på PPU i Sogndal, og det viste seg at dei ikkje hadde nok søkera til å verken framandspråk eller norsk heiltid, men at dei ville starte opp norsk på deltid. Det var ikkje aktuelt for meg å starte deltid. Eg kom inn på årsstudiumet i reiselivsleiing i Sogndal også, og beslutta å starte på det medan eg fullførte masteren innan 1.september-fristen. Så då flytta eg til ein ny tilverelse i Sogndal.
Etterkvart blei det klart at 1.september-fristen var vel ambisiøst, så eg valgte frist nummer 2 i november i staden, samtidig som eg starta på det nye studiet. Eg hadde ikkje så store ambisjonar for karakterane på dette årsstudiumet eigentleg, og tok det mest for læringsdelen, samtidig som masteren hadde tenkt å vere 1.prioritert. Heldigvis for meg er det ein fordel å ha master frå før, og merka at det var veldig lett å gå tilbake til 100-nivåsfag. I Sogndal kom eg inn i eit veldig godt miljø, og eg oppdaga fort at det var vanskeleg å avstå frå sosiale ting. I tillegg jobba eg nokre helger innimellom også for ha litt ekstra pengar, så utover hausten blei det langt mindre jobbing med masteren enn eg hadde tenkt.
For å spole litt fram i tid. Eg vart ganske sjuk i heile november etter at eg fekk eit eller anna hissig virus. Eg var sengeliggande i fleire dagar, gjekk ned fleire kg og var dårleg og svimmel i mange veker etterpå. Difor måtte eg utsette masteren nok ein gong, og eg fekk innvilga eit nytt semester pga. sjukdom (vanlegvis får ein berre utsetje 1. semester om det ikkje er spesielle grunnar). Difor satsa eg igjen på ny frist, denne gongen i mai 2017 og denne gongen var eg klar på at no måtte eg levere, for det er ikkje mogleg å få forlenga fristen utover det.
På mirakløst vis klarte eg å skrive ferdig masteren innan fristen 15.mai, eg leverte til og med to dagar før, 13.mai, samtidig som eg parallellt skreiv heimeeksamen i eit anna fag. Når eg tenkjer tilbake på det no er det eigentleg ganske sjukt. Eg hadde litt vanskeleg for å tru at eg faktisk skulle klare å fullføre masteren samtidig som eg studerte fulltid på reiseliv, men med disiplin og ønsket om å bli ferdig og klare det, gjekk det eigentleg veldig greitt. Eg la heller ikkje så stort press på at masteren måtte få veldig god karakteren, målet mitt var på det tidspunktet eigentleg berre å stå. Eg oppdaga at det eigentleg var veldig deilig å studere noko anna og fullføre masteren på "deltid", for eg stressa mindre med oppgåva og klarte å fokusere på andre ting. Det året eg berre skreiv på masteren, merka eg at ein ofte blei litt nedfor og smådeprimert fordi alt handla om oppgåva og det blei altoppslukande. No når eg faktisk gjorde noke anna samtidig, fekk eg teke vekk fokuset frå å tenke på masteren heile tida, og det var faktisk lettare psykisk å studere noko anna samtidig som eg skreiv ferdig masteren, enn å berre skrive master, sjølv om eg hadde mykje meir arbeid no.
På merkeleg vis klarte eg også få ein A, to Ber og ein C i det semesteret, likevel om eg ferdigstilte masteren samtidig. Og eit av faga var finansreknskap (som var det eg fekk C i, det er eg likevel sjukt nøgd med, ettersom eg e ikkje den beste med tall, eg hadde jo faktisk 2 i matte på VGS liksom!). Utdanninga i reiselivsleiing har ein del fellesfag med økonomi og administrasjon, så vi har ein del økonomifag, leiingsfag og marknadsføring mellom anna. Økonomifaga er forøvrig ikkje så vanskeleg som ein skal ha dei til, eg har jo hatt litt tallfrykt etter matte på VGS, men oppdaga at økonomifaga er meir resonnering og logikk, noko eg likar og forstår. Dessutan er det mykje enkel tallrekning, noko eg klarer veldig fint.
For å kome tilbake til masteren min og kva den faktisk handla om. Den hadde tittelen fritt oversatt frå tysk: Om språklege feil i norske reiselivstekstar omsett til tysk via nettbaserte omsettingsprogram, med undertittelen: Ein korpusanalyse av output-tekstane til Google Translate, Bing Translator og Babylon Translator. Kor sagt analyserte eg feila som dukka opp ved bruk av desse fullautomatiske nettbaserte oversettingsprogramma, for å finne dei mest typiske feila, og plukka då ut spesifikt norske reiselivstekstar på nettet som blei forsøkt oversatt til tysk med slike program, ettersom det i høgaste grad foregår blant ein del reiselivsbedrifter på nettet i dag. Eg ville finne ut kor mange feil det var, om det var noke forskjell på dei tre programma, i tillegg til at eg i analysekapittelet også trakk fram dei feila som var mest uheldige for sjangeren og som kunne gje feilinformasjon og endre innhaldet i tekstane. Som de sikkert kan tenke dykk så var dette eit veldig spennande tema, men veldig tidkrevjande. I ettertid ser eg at eg kanskje berre skulle konsentrert meg om Google Translate og analysert feila der, og i staden analysert fleire tekstar, men no fekk eg også høve til å samanlikne programma og oppdaga at programma også gjorde dei same type feil, noko som jo kan vere med å peike ut kor det er programma har sine svake sider som er felles for maskinbaserte omsettingsprogram.
Det mest utfordrande med å skrive denne oppgåva var utan tvil å skulle analyse feil og vektlegge kva som faktisk er feil, og korleis eg skulle kvantifisere desse som feil, dvs. tallfeste. I tillegg til at eg oppdaga at eg ikkje er så god i tysk at eg alltid faktisk kan oppdage alle feil, eller nokre gongar kva som faktisk er rett, spesielt dette med grammatikk og rettskriving. Men for det meste gjekk det greitt, og eg hadde også nokre tyskarar som eg kunne spørre då eg var usikker. Så sjølve masteroppgåva krevde masse forarbeid og analyse før eg kunne skrive om resultatet, eg hadde likevel frå starten av ein ganske god følelse på korleis oppgåva blei sjåande ut til slutt og kva resultata blei, noko som eg også hadde rett i. Det som var mest interessant var at eg oppdaga fleire grove feil enn eg hadde forventa. Til dømes oppdaga eg jo at Google Translate blant anna var veldig svak på stadnavn, og utenom å oversette det ord for ord direkte til tysk, så oppdaga eg faktisk og at den oversatte til heilt andre stadnavn, til dømes blei Beitostølen oversatt til Wien! Noke som er ein skikkeleg grov feil og som ikkje burde skje, men som truleg har skjedd fordi programmet søke etter statistiske mønster i språka og truleg har assosiert Beitostølen og snø med Wien av ein eller anna grunn. Kanskje eg kan skrive meir om funna mine i masteroppgåva i eit anna innlegg, med meir morsomme eksempel!
Masteren innebar og muntlig forsvar som eg heldigvis fekk lagt i midten av juni når eg var ferdig med dei andre eksamene her. Dette var noko av det eg grua meg mest til, for då måtte eg snakke og forsvare masteren på tysk, noko eg ikkje hadde snakka på lenge. Forsvaret skulle også vare i 1 time, noko som høyrest sjukt lenge ut. Men tida gjekk sjukt fort og forsvaret var heldigvis over på eit blunk. Å snakke tysk gjekk overraskande greitt, likevel om eg var supernervøs. Eg fekk lage ein kort presentasjon om masteroppgåva som eg starta med, så då fekk eg iallfall tid til å øve meg på akkurat det eg skulle seie i starten. Eg hadde sjølvsagt med meg ein kopi av masteren inn og det som var morsomt var at sensorane spurte om veldig spesifikke ting frå ulike plassar i oppgåva: "På side 7 så har du skrevet bla bla bla, kan du seie noke/utbrodere om det". Det høyrest sjukt skremmande ut at dei spør så spesifikt frå ulike plassar i oppgåva og at det er vanskeleg å skulle svare og førebu seg på noko slikt, men ein kjenner faktisk oppgåva ganske godt inn og ut etter å ha jobba med den så lenge, så når dei spurte så kom svaret veldig fort, likevel om dette var noko eg var nervøs for. Eg hadde høyrt på forhånd at dette var ting dei gjorde, så det var faktisk noko eg grua meg til, men som var lettare enn eg hadde trudd.
Eg fekk skryt for originalt tema og bra metodevalg og generelt veldig spanande og viktig tema. Eg scora veldig høgt på sjølvstendighet. Metodevalget var noko eg var veldig nervøs for då eg tillot meg å utvide metoden som eksisterte fra før, blande den med ein anna metodetilnærming og legge til noko nytt. I tillegg sa dei at oppgåva var veldig strukturert og ryddig, både med tanke på rekkefølge og det estetiske, noko dei sa dei sjeldent såg blant studentane. Dette synest eg var litt rart då eg trudde eg berre fulgte ein normal mal på korleis oppgåver skulle sjå ut, men det var veldig kjekk tilbakemelding. Eg fekk litt trekk for at det endå var ein del språkleg rusk som trakk oppgåva ned (likevel om eg hadde korrekturlesar, eg burde nok hatt ein til), og at eg nokre stader kunne ha skrive ut og forklart nokre setningar betre. Så eg nådde ikkje heilt til topps karaktermessig, men er likevel veldig nøgd med resultatet då eg eigentleg berre ville få bestått masteren og bli ferdig med den.
Så, no som eg var ferdig med masteren og årsstudiumet i reiseliv, måtte eg i fjor sommar igjen ta eit standpunkt på kva eg skulle gjere vidare. Skulle eg satse på PPU og bli lærar og ha ein sikker utdanning eller skulle eg følge hjertet og lidenskapen min og ta heile bacheloren i reiselivsleiing? For eg trivdast så utruleg godt med det studiet, medstudentane og Sogndal, så for meg blei det iallfall eit veldig lett val når eg fekk beskjed om at det berre blei oppstart av framandspråk og ikkje norsk i på PPU i Sogndal. Dersom eg skulle ha starta på PPU hadde det vore veldig viktig for meg å ha fagdidaktikk i norsk også og ikkje berre framandspråk, likevel om eg formelt sett hadde kunne undervist i norsk etterpå. Difor vart valet veldig lett og eg fekk gå over på bacheloren og studere vidare, noko eg ikkje har angra på endå! No er eg på sisteåret og er ferdig til våren, så no startar snart det blodige alvoret med å finne jobb, og nokre dagar er eg vettskremt over å tenke på at det blir vanskeleg og at eg kanskje ikkje får meg jobb og at eg dessutan er alt for overkvalifisert og kan måtte lide under dette i jobbsøkinga.
No blei dette veldig mykje om masteren og studiene og veldig lite om livet på bygda og i Sogndal. Dette og meir om utdanninga mi og planen vidare får eg ta i neste innlegg. For eg har mykje å skrive om og nokre bilete å vise.
For å få med litt bilete, så slenge eg ved biletet som eg tok når eg akkurat hadde levert inn masteren den 13.mai. Herregud så sjukt lukkeleg og glad eg var då, den kjensla er vanskeleg å skildre. Det tok faktisk lang tid før eg klarte å ta innover meg at eg faktisk hadde klart å bli ferdig.